Hopp til innhald

Prostata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Prostata (norsk: blærehalskjertel) er ein kjertel hos menn og hanndyr, plassert under urinblæra og kring øvre del av urinrøyret. Kjertelen produserer eit sekret som inngår i sædvæska. Prostatasekretet blir blanda med spermie. Væska rommar mellom anna næring til sædcellene, slik at dei kan symje heile vegen for å befrukte eggcella.

Sjukdommar

[endre | endre wikiteksten]

Akutt prostatitt er ein betennelse i prostatavevet som kan krevje antibiotikabehandling over nokre veker. Kronisk prostatitt er ein tilstand som vanlegvis ikkje vert behandla med antibiotika. Eit aktivt seksualliv/masturbasjon stimulerer slimavgang frå prostata, og kan kanskje på denne måten forebyggje tendensen til kronisk prostatabetennelse.[1]

Dei vanlege prostataproblema er resultat av at kjertelen veks, hyperplasi, såkalla godarta prostataforstørring, ettersom individet vert eldre.

  1. ↑ «Kronisk prostatitt». Pasienthåndboka.no. Arkivert frå originalen 29. november 2010. Henta 9. august 2007. {{cite web}}: Cite has empty unknown parameter: |kommentar= (hjelp); Invalid |url-status=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]