Borgund var ein kommune i Møre og Romsdal som vart oppretta i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret i Noreg. Frå 1968 vart Borgund slått saman med Ålesund til Ålesund kommune.
Faktaboks
- Uttale
-
Bårgån(d), Børgån(d)
Borgund var ein landkommune som omkransa bykommunen Ålesund. Ved samanslåinga med Ålesund i 1968 besto Borgund nesten bare av øyer; dei større øyene med fastlandssamband var Sula, Ellingsøya, Heissa, Nørve og vestre delen av Uksenøya. I Åsefjorden i sør høyrde dei to mindre øyene Tørla og Humla til kommunen.
Borgund er i dag eit sokn i Ålesund kommune. Soknet omfattar den austre delen av Nørve og den vestre delen av Uksenøya med Spjelkavik. Borgund kyrkje ligg lengst vest på Uksenøya.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.