Faktaboks

Max Weber
FĂždd
21. april 1864, Erfort, Tyskland
DĂžd
14. juni 1920, MĂŒnchen, Tyskland

Max Weber var ein tysk samfunnsvitar som var med pÄ Ä grunnleggje faget sosiologi. Han sÄg at grunnen til den Þkonomiske veksten i Nord-Europa pÄ 1800-talet var eit samanfall mellom kapitalisme og protestantisme, ein samanheng ingen hadde peika pÄ fÞr han.

Liv og virke

Maximilian Carl Emil Weber vart fÞdd i Erfurt i dÄverande Preussen i 1864. Etter gymnas i 1882 studerte han juss, Þkonomi, historie og filosofi i Berlin og Heidelberg. Han tok juridisk doktorgrad i Berlin i 1889 og vart utnemnd til jussprofessor der i 1893. FrÄ 1894 var han professor i samfunnsÞkonomi i Freiburg og Heidelberg, til han i 1898 trekte seg tilbake frÄ det akademiske livet pÄ grunn av sjukdom. Han slutta Ä fÞrelese, men heldt pÄ professoratet til 1903.

Weber heldt fram med Ă„ forske pĂ„ eiga hand. MĂ„let var Ă„ forstĂ„ sĂŠrtrekka ved den moderne vestlege verda og vilkĂ„ra for at kapitalismen vart sĂ„ dominerande. Han kom fram til at kapitalisme og modernitet var to sider av same sak, og at religiĂžse fĂžrestillingar bidrog til kapitalismen si utvikling. I boka Den protestantiske etikk og kapitalismens Ă„nd (1904) argumenterer han for at den strenge arbeidsmoralen til protestantane fekk dei kapitalistiske hjula til Ă„ rulle. Han viser ĂČg korleis rettsstaten og byrĂ„kratiet var med pĂ„ Ă„ sikre ein fĂžreseieleg lovbruk og politisk stabilitet, som kapitalismen er avhengig av.

Weber var oppteken av den minste eininga i samfunnet, individet. Han ville forstÄ kva som motiverer sosial Ätferd, og slo fast at menneska har mÄl og meining med det dei gjer. SjÞlv om ytre strukturar avgrensar valfridomen, er menneska tenkjande, viljande vesen. Difor mÄ sosiologar ta utgangspunkt i individet sine intensjonar for Ä forklare sosiale handlingar og institusjonar, dei mÄ ha eit aktÞrperspektiv. Weber kalla denne framgangsmÄten «innlevande sosiologi». Metoden vart eit viktig bidrag til vitskapsteorien.

Den protestantiske arbeidsetikken

Tresnitt frÄ reformasjonstida som fÞrestiller Martin Luther med Bibelen i hendene i kamp med pavedÞmmet. Max Weber var den fÞrste til Ä sjÄ samanheng mellom protestantismen og kapitalismen som ei grunngiving for Þkonomisk vekst.

Reformasjonen
Av .

Webers utgangspunkt er at reformasjonen pÄ 1500-talet skapte eit nytt syn pÄ arbeid. Klosterlivet vart ikkje lenger sett pÄ som den hÞgste forma for gudsdyrking, vanleg arbeid var like mykje verdt. Denne haldninga var sÊrleg utbreidd blant pietistane, som tolka arbeidet som eit kall. Idealet var Ä arbeide flittig, men leve sÄ enkelt som rÄd. Ein god kristen skulle skape rikdom, men ikkje nyte han. Utbyttet skulle sparast og reinvesterast. Desse verdiane fremja ein kapitalistisk produksjonsmÄte.

I studiet av religionar samanlikna Weber trusformer pÄ tvers av kulturar. Han utvikla ein sosiologisk metode, idealtypar, som forenkla den mangfaldige rÞyndomen ved Ä framheve typiske kjenneteikn ved dei fenomena han ville forklare. Den nÞysame, pliktoppfyllande protestanten var ein idealtype, eit konstruert gjennomsnitt som fanga opp vesentlege eigenskapar ved gruppa.

Det idealtypiske biletet viste at bedriftseigarar i Tyskland langt oftare var protestantar enn katolikkar. I det katolske SĂžr-Europa vart Ăžkonomisk vinning brukt til luksus heller enn til produktiv verksemd. I den asiatiske konfutsianismen og hinduismen fann han inga kopling mellom religiĂžse normer og verdsleg vekst.

Weber pÄstod ikkje at protestantisk etikk var Ärsak til kapitalisme, men at han auka sjansen for at ei moderne kapitalistisk utvikling kunne kome i gang. NÄr kapitalismen har fÄtt eigentyngde og vist sin suksess, kan han blomstre vidare i sekulÊre samfunn og i land med andre religiÞse doktrinar.

HerredÞme og byrÄkrati

I «Die drei reinen Typen der legitimen Herrschaft» (1922) samanfattar Weber tre typar politisk herredÞme. I moderne vesteuropeiske statar er det byrÄkratiet som rÄr, og maktgrunnlaget er legalitet. Vedtaka i statsapparatet byggjer pÄ lover og reglar, ikkje pÄ kven ein kjenner eller likar. Borgarane har tillit til byrÄkratiet fordi det sikrar likebehandling, og lovstyringa gjer systemet stabilt. Slike rammevilkÄr er gunstige for industrikapitalismen.

I det fĂžr-moderne samfunnet ligg maktgrunnlaget i tradisjonen. Folk fĂžyer seg etter dei hevdvunne autoritetane fordi det alltid har vore slik. Kongar og hovdingar har makt over store grupper, patriarkar er overhovud i storfamilien. Styreforma er stabil, men statisk.

I bÄde moderne og fÞr-moderne samfunn kan det etablerte maktgrunnlaget sprekke ved at personar med ekstraordinÊre evner vert aksepterte som politiske leiarar. Det er dei personlege eigenskapane deira som appellerer til folk. Weber kallar eit slikt maktgrunnlag karismatisk. Korleis makta vert brukt, er ope, men styreforma er ustabil.

ByrÄkratiet, seier Weber, er den mest rasjonelle og effektive styreforma, og det er ekspansivt. Det fÄr innpass pÄ stadig fleire samfunnsomrÄde, bÄde offentlege og private, og trengjer andre tenkjemÄtar til sides. Prosessen gjer Weber ambivalent. Han meiner at det er eit tap om religion og metafysikk vert overflÞdige, dÄ vert verda avmystifisert og menneska fanga i rasjonalitetens jernbur.

Sosial lagdeling

I studiet av sosial ulikskap modifiserer Weber klasseanalysen til samfunnsvitaren Karl Marx ved Ä trekkje inn fleire grunnar til ulikskap. Han peikar pÄ at middelklassa har utdanning, som gir dei betre arbeidskÄr enn arbeidarane, smÄborgarskapet er sjÞlvstendig nÊringsdrivande, som gjer dei uavhengige av kapitalistane, og evna til Ä organisere seg er ei eiga kjelde til makt. Statusgrupper er grupper som byggjer pÄ subjektive opplevingar av fellesskap i normer og smak, der dei som soknar til gruppa har same livsstil og livssjansar.

Samfunnet, slik Weber ser det, er lagdelt meir enn klassedelt, og individuell sosial mobilitet gjer det mogleg med overgang frÄ eitt lag til eit anna. Dette stÄr i kontrast til Marx sin tese om at berre kollektiv klassekamp kan endre pÄ maktforholda. Weber avviser ikkje teoriane til Marx, men utfyller dei. Eit hovudskilje gÄr i vektlegginga av det materielle og det immaterielle som drivkraft i historia. Marx meinte at dei materielle vilkÄra formar folk sine tankar. Weber meinte at folk sine tankar kan pÄverke den historiske utviklinga.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Weber, Max (1904). Den protestantiske etikk og kapitalismens Ă„nd. Til dansk ved Christian Kock, forord ved Egil Fivelsdal. Oslo. (Tilgjengeleg pĂ„ NB.no)
  • Ringer, Fritz K. (2004). Max Weber : An Intellectual Biography.
  • Ringer, Fritz K. (1997). Max Weber's Methodology : The Unification of the Cultural and Social Sciences.
  • Turner, Stephen (redaktĂžr) (2000). The Cambridge Companion to Weber.
  • Weber, Max (2000). Makt og byrĂ„krati, utval og innleiing ved Egil Fivelstad, omsett av Dag Østerberg.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.

Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.

eller registrer deg