Faktaboks

Administrasjonssenter
Vestnes
Fylke
MĂžre og Romsdal
Innbyggjartal
7 300 (2026)
Landareal
399 kmÂČ
HĂžgaste fjell
Sandfjellet (1470 moh.)
Innbyggjarnamn
vestnesing
MÄlform
nynorsk
KommunevÄpenet har to gullfarga spissar mot venstre pÄ raud bakgrunn. Motivet utgjer eit stilisert kart over kommunen.
Vestnes kommune i MĂžre og Romsdal fylke.
Kart: Vestnes kommune i MĂžre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Vestnes. Tettstaden Tomra ved Tomrefjorden er eit industrielt tyngdepunkt i kommunen. Verftet Aker Yards Langsten kan sjĂ„ast til hĂžgre i biletet, og pĂ„ den andre sida av fjorden ligg verftet Solstrand AS. Utsikt mot Julsundet i bakgrunnen. Biletet er henta frĂ„ papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Vestnes er ein kommune i MÞre og Romsdal fylke. Kommunen ligg pÄ sÞrsida av Romsdalsfjorden, omkring dei to sÞrgÄande fjordarmane Tomrefjorden og Tresfjorden.

Vestnes blei oppretta som kommune i 1837 som ledd i innfÞringa av det lokale sjÞlvstyret. FrÄ kommunen blei Sylte (Tresfjord) skilt ut i 1899. I 1964 blei Tresfjord igjen ein del av Vestnes.

Vestnes grensar i aust til Rauma, i sĂžr til Fjord og i vest til Haram og Ålesund kommunar. I nord gĂ„r kommunegrensa til Molde i Romsdalsfjorden.

Natur

Fra Tresfjorden. Lengst bak i bildet stÄr Lauparen (1434 moh.)
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Berggrunnen bestÄr av grunnfjell, i vesentleg grad gneis, og han er i stor grad pÄverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Dette gir seg mellom anna uttrykk i at strokretninga i berggrunnen gÄr frÄ sÞrvest til nordaust. Denne strokretninga blir fÞlgd av mellom anna Fiksdalen, Frostaddalen innanfor Tomrefjorden, Skorgedalen med forlenginga av denne over Ørskogfjellet, og Kjersemdalen frÄ botnen av Tresfjorden.

Fjordsidene er gjennomgÄande slake og skogkledde med dyrka mark langs fjordkanten. Ytst i Tresfjorden fÞrer eit trongt innlÞp inn til FlatevÄgen, som gÄr tre kilometer rett vestover. HerfrÄ fÞrer eit breitt og myrlendt eid med passhÞgd rundt 50 meter over havet vidare vestover til Tomrefjorden.

Landskapet i det meste av kommunen er dominert av fjellomrĂ„de som langs Romsdalsfjorden nĂ„r 1069 meter over havet pĂ„ grensa til Haram i vest (BlĂ„skjerdingen) og 1241 meter over havet (Trolltinden) pĂ„ grensa til Rauma i aust. Lenger sĂžr er fjella hĂžgare, og det hĂžgaste fjellet i kommunen finn ein pĂ„ vasskiljet mot SunnmĂžre sĂžr i kommunen. Her nĂ„r Lauparen pĂ„ grensa til Ålesund og Fjord i sĂžrvest 1434 meter over havet, og Sandfjellet pĂ„ grensa mot Rauma og Fjord i sĂžraust 1470 meter over havet. Mellom fjella skjer relativt djupe dalar seg ned.

Busetjing

Folketal

tidspunkt Innbyggjarar
1951 4901
1952 4904
1953 4975
1954 5036
1955 5090
1956 5137
1957 5075
1958 5054
1959 5089
1960 5155
1961 5195
1962 5188
1963 5209
1964 5214
1965 5267
1966 5295
1967 5352
1968 5418
1969 5437
1970 5428
1971 5637
1972 5662
1973 5764
1974 5923
1975 6026
1976 6034
1977 6091
1978 6134
1979 6186
1980 6270
1981 6289
1982 6328
1983 6307
1984 6403
1985 6422
1986 6359
1987 6344
1988 6393
1989 6389
1990 6396
1991 6413
1992 6447
1993 6455
1994 6460
1995 6467
1996 6470
1997 6512
1998 6490
1999 6505
2000 6530
2001 6486
2002 6424
2003 6442
2004 6389
2005 6390
2006 6442
2007 6402
2008 6434
2009 6478
2010 6506
2011 6504
2012 6539
2013 6626
2014 6615
2015 6708
2016 6611
2017 6577
2018 6559
2019 6536
2020 6532
2021 6958
2022 6936
2023 7051
2024 7147
2025 7242
2026 7315
Kjelde: Statistisk sentralbyrÄ

Ved innlÞpet til FlatevÄgen ligg administrasjonssenteret Vestnes. Tomra ligg ved den inste delen av Tomrefjorden, Fiksdal pÄ vestsida av Tomrefjorden og Tresfjord inst i Tresfjorden. Det er relativt tett busetjing dei fleste stadene langs fjordane og i eidet mellom kommunesenteret og Tomrefjorden, likeins nedst i dalfÞret innanfor botnen av Tresfjorden.

Folketalet i Vestnes har (etter dagens grenser) vore jamt aukande sidan krigen, og i 2020 lĂ„g folketalet 37 prosent hĂžgare enn i 1946. I tiĂ„rsperioden 2010–2020 auka folketalet i kommunen med gjennomsnittleg 0,4 prosent Ă„rleg, mot 0,5 prosent i Romsdal og 0,6 prosent i fylket samla sett (basert pĂ„ grensene frĂ„ 2020).

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrĂ„ er det fem tettstader i Vestnes (2025). Tettstadene er til saman 4,9 kmÂČ og omfattar 1 prosent av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Vestnes  2 629 37 % 2,1 kmÂČ
Tomra  1 169 16 % 1,5 kmÂČ
Vikebukt  294 4 % 0,5 kmÂČ
Fiksdalen  232 3 % 0,3 kmÂČ
Tresfjord  216 3 % 0,5 kmÂČ
Sum 4 540 64 % 4,9 kmÂČ

* Andelen av innbyggjarane i Vestnes kommune som bur i tettstaden.

NĂŠringsliv

Vestnes er ei relativt god jordbruksbygd med hovudvekt pÄ husdyrhald. MjÞlkeproduksjonen er viktigast, men det blir ogsÄ halde ein god del sau, og Vestnes har dessutan det stÞrste svinehaldet i fylket (2019). Kommunen har ogsÄ stor skogavverking; i 2019 blei det avverka i alt 15 400 m3, og det var den stÞrste avverkinga blant kommunane i Romsdal. Det blir drive noko fiskeoppdrett, men berre eit svÊrt beskjedent «ordinÊrt» fiske. Samla utgjer primÊrnÊringane fem prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019).

Vestnes er i fĂžrste rekke ein industrikommune, og 2019 var 21 prosent av arbeidsplassane i kommunen innan industri, 31 prosent dersom ein inkluderer bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Av kommunane i Romsdal har berre Aukra ein stĂžrre del av arbeidsplassane i industri.

Den viktigaste industribransjen i Vestnes er verkstadindustrien med heile 83 prosent av dei industrisysselsette (2019). Verkstadindustrien baserer seg sÊrleg pÄ bygging av fartÞy og maskinindustri (inkludert reparasjonar og installasjonar). Desse bransjane hadde dette Äret hÞvesvis 71 og 15 prosent av dei sysselsette i industrien. Ein annan viktig industribransje er nÊringsmiddelindustrien med 16 prosent av industrisysselsetjinga (2019). Karakteristisk for Vestnes er at industriverksemda er spreidd pÄ ei rekke stader i kommunen (rekna frÄ vest): Rekdal, Fiksdal, Tomra, Vestnes tettstad, Skorgenes, Tresfjord, Daugstad og Vikebukt.

Vestnes har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei fire vasskraftverka i kommunen produserer til saman 27,6 gigawattimer i Äret (gjennomsnitt 1993-2020). Det stÞrste kraftverket er Sesselva (i drift fra 2016), som stÄr for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Øvstedal (2012) og Misfjord (2012). Sesskraft er hovudeigar av om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest stÞrste eigar er Øvstedal Kraft med om lag ein sjettedel.

Turisttrafikken i kommunen er aukande, bÄde langs fjorden og i fjellet. Det er stor vintertrafikk pÄ Ørskogfjellet.

Av dei yrkesaktive som er busette i Vestnes, har 26 prosent arbeid utanfor kommunen (2019). Sju prosent arbeider i Molde, to prosent i Rauma, Ă„tte prosent i Ålesund og i alt to prosent i dei andre kommunane pĂ„ SunnmĂžre, alt basert pĂ„ kommuneinndelinga frĂ„ 2020.

Samferdsel

E136 (DombĂ„s–Åndalsnes–Ålesund) gĂ„r i bru over Tresfjorden mellom Vikebukt og Remmem (Tresfjordbrua). Like sĂžr for Remmem fĂžrer vegen opp Skorgedalen og over Ørskogfjellet til SjĂžholt i Ålesund. E39 (Kristiansand–Trondheim) har felles trasĂ© med E136 frĂ„ Moa i Ålesund til Tresfjordbrua; herfrĂ„ gĂ„r E39 fem kilometer nordover forbi Vestnes tettstad til Furneset, der det er ferjesamband over Romsdalsfjorden til Molde. FrĂ„ Vestnes tettstad fĂžrer fylkesveg 661 vestover til Tomra og vidare langs fjorden til tettstaden Vatne i Haram kommune.

Forutan vegen over Ørskogfjellet gĂ„r det to andre vegar frĂ„ Vestnes over fjellet til SunnmĂžre, i vest frĂ„ Fiksdal til Vatne i Haram kommune (fylkesveg 5970). Det er ogsĂ„ vegsamband langs sjĂžsida frĂ„ Fiksdal til Vatne (fylkesveg 661). I aust frĂ„ Tresfjord gjennom Kjersemdalen til Vaksvika i Ålesund kommune er det ogsĂ„ vegsamband om sommaren.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

PÄ Gjermundnes aust for munningen av Tresfjorden ligg Gjermundnes vidaregÄande skule (tidlegare Gjermundnes landbruksskule), med mellom anna linje for naturbruk.

Vestnes hĂžyrer til MĂžre og Romsdal politidistrikt, MĂžre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrÄda Romsdal regionrÄd saman med Aukra, Hustadvika, Molde og Rauma, og SunnmÞre regionrÄd.

Vestnes kommune svarer til dei fire sokna Fiksdal, Tresfjord, Vestnes og Vike i Indre Romsdal prosti (MĂžre bispedĂžmme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet hĂžyrde Vestnes til Romsdal fogderi (futedĂžmme) i Romsdals amt.

DelomrÄde og grunnkrinsar i Vestnes

For statistiske fÞremÄl er Vestnes kommune (per 2022) delt inn i tre delomrÄde med til saman 22 grunnkrinsar:

  • Tomrefjord: Rekdal, Fiksdal, Fiksdalstrand, Frostad, Tomra, Gjerde - Lid, Vik
  • Vestnes: ØverĂ„s - NerĂ„s, Flate - Furland, Åsbygda - SĂžrĂ„s, Hagneset - Vestnesbukta, Helland - Remmemsvik, Salthammer - Brastad
  • Tresfjord: Skorgen - KjĂžpstad, LĂžvik - Eidhammer, Sylte, Rypdal - Kjersem, Daugstad, Vike indre, Vike ytre, VĂ„ge, Hjelvik

Historikk og kultur

Stranda ved Gjermundnes har fleire gravrÞysar frÄ yngre steinalder.

Tre bruer gÄr parallelt over sundet som leier inn til FlatevÄgen i Vestnes tettstad. Den eldste er ei freda trebru frÄ 1844.

Vestnes har lange tradisjonar med bÄtbygging, og det er bÄtbyggarmuseum bÄde pÄ Vestnes Brygge i kommunesenteret og i Tresfjord. Ved fÞrstnemnde stÄr BÄtbyggarmonumentet. Like sÞr for Tresfjord tettstad ligg Tresfjord Bygdamuseum. PÄ Gjermundnes ligg Landbruksmuseet for MÞre og Romsdal i tilknyting til den tidlegare landbruksskulen.

Tresfjord kyrkje, den eldste bestÄande kyrkja i kommunen, er ei trekyrkje med Ättekantplan frÄ 1828. Vestnes kyrkje i kommunesenteret, som er ei langkyrkje i tre frÄ 1872, har ein del eldre inventar. Vestnes kyrkje er den tredje kyrkja pÄ staden; den fÞrste var ei stavkyrkje. Fiksdal kyrkje er ei langkyrkje i tre frÄ 1866, medan den fjerde soknekyrkja i kommunen, Vike kyrkje i Vikebukt, er ei moderne fleirbrukskyrkje i mur med langplan, bygd i 1970.

I Tresfjord blir det drive hesteoppdrett fleire stader. Bygda er sĂŠrleg kjend for stor avl av islandshestar.

Vestnesavisa kjem ut éin gong i veka.

Namn og kommunevÄpen

KommunevÄpenet (godkjent i 1980) har to gullfarga spissar mot venstre pÄ raud bakgrunn. Motivet utgjer eit stilisert kart over kommunen.

Namnet er etter garden som ligg pÄ neset vest for munningen av Tresfjorden, rett overfor Gjermundnes pÄ austsida av fjorden.

Kart

Kart over Vestnes kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Brovold, Ivar: Topografisk-historisk Beskrivelse over VestnĂŠs prestegjeld, 1901
  • Rekdal, Olav & Marit Rekdal Hoel: Gards- og slektshistorie for Vestnes – Tresfjord, 1973-, 3 b.
  • Skeidsvoll, Agnar: Bygdebok for Tresfjord, 1959

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.

Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.

eller registrer deg