Hopp til innhald

Frank Gehry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Gehry

StatsborgarskapUSA, Canada, Canada
Fødd28. februar 1929
Toronto
Død

5. desember 2025 (96 år)
Santa Monica

Yrkearkitekt, bilethoggar, møbeldesigner, designar, smykkedesigner, scenograf, musikar, forfattar, teiknar
Språkengelsk
Medlem avDet europeiske akademiet for vitskap og kunst[*], American Academy of Arts and Letters[*], Royal Academy of Arts, American Academy of Arts and Sciences[*]
FarGehry
Nettstadhttps://www.foga.com
Frank Gehry på Commons

Frank Owen Gehry (fødd Frank Owen Goldberg; 28. februar 1929–5. desember 2025) var ein canadisk arkitekt kjent for ei skulpturell tilnærming til bygningsdesign. Han er kjend for å ha bygd kurva strukturar, ofte dekt med reflekterande metall. Eit kjenneteikn ved Gehry er at både materialar og form er likestilte element i det arkitektoniske uttrykket hans. Stilen hans blir betrakta som poststrukturalisme.

Gehry voksa opp i ein jødisk familie i Toronto, men familien flytta til California da han var 17 år. Faren var lastebilsjåfør som måtte flytte til varmare klima på grunn av sjukdom. Den unge Gehry arbeidde også som lastebilsjåfør òg med reingjering av fly, mens han studerte ved Los Angeles City College. Seinare blei han uteksaminert frå University of Southern California School of Architecture. Deretter studerte han byplanlegging ved Harvard Graduate School of Design.

Eit av Gehrys mest kjente verk Guggenheim-museet i Bilbao
Jay Pritzker paviljongen fra 2004 i Millennium Park i Chicago

Han er særleg kjent for det titankledde Guggenheim-museet i Bilbao i Spania, Walt Disney Concert Hall i Downtown Los Angeles, Science Fiction Museum and Hall of Fame i Seattle, Weisman Art Museum i Minneapolis, Dansehuset i Praha og Jay Pritzker-paviljongen i Millennium Park i Chicago.

Hans kritikarar[kven?] uttrykker blant annet at hans bygninger:[treng kjelde]

  • kaster bort, og utnytter ikkje, sine moglegheiter da de har former og strukturar som ikkje lar seg utnytte funksjonelt.
  • ikkje tar hensyn til de lokale klimatiske forholda.
  • har ein ytre form som overskyggjer dykkar eigentlege funksjon, særlig gjeld dette museum og arenaer.
  • ikkje forheld seg «organisk» til sine omgivnadar.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Heidersteikn og medlemskap

[endre | endre wikiteksten]
  • 2001 – Æresdoktor ved Universidad de Alcalá, Spania
  • Æresmedlem ved Royal Academy of Arts
  • Det europeiske akademi for vitenskap og kunst
  • American Academy of Arts and Letters
  • American Academy of Arts and Sciences

Bilete av nokon av Gehrys arbeid